Studentkomiteen mot NTNU

Studentkomiteen mot NTNU vart stifta fredag 17.3.1995 kl. 16 på kantina på Dragvoll fordi ingen andre gjorde noko. Dette var medlemene:

Anne Charlotte Torvatn
Ellen Persvold
Erik Hagen
Inghild Flaate
Jardar Eggesbø Abrahamsen
Per Gunnar Linvik
Silje Fretheim
Sjur Nørstebø Moshagen

Måndag 20.3.1995 kom Hanne Siri Sund med i arbeidet, og vart like viktig som resten av komiteen.


Studentkomiteen for Universitetet i Trondheim

I månadsskiftet mars-april, etter studentaksjonane, skifta Studentkomiteen namn og struktur. Studentkomiteen for Universitetet i Trondheim har eit de facto-sekretariat ved Jardar Eggesbø Abrahamsen og Anne Charlotte Torvatn (sjå under).

Studentkomiteen for Universitetet i Trondheim krev dette:

  1. Universitetet skal heita Universitetet i Trondheim.
  2. Ikkje noko fagområde skal underordnast andre fagområde. Dette ber med seg at det ikkje skal finnast noko politisk pålegg om at samarbeidet ved universitetet skal gå føre seg under nokon gjeven profil.
Studentkomiteen meiner elles at saksgangen i Stortinget var uverdig og skandaløs. Innstillinga om NTNU låg føre på kvelden torsdag 16.3.95, etter å ha vorte skriven på nokre få dagar. Stortinget fekk sakapapira måndag 20.3., og NTNU vart vedteke i Odelstinget tysdag 21.3. (og i Stortinget formelt 28.3.), utan at saka var utgreidd. Derimot vart det vedteke at Regjeringa skulle greia ut kva vedtaket gjekk ut på. Stortinget bad ikkje eingong om å få saka til ny vurdering når ein etter kvart veit kva ein har vedteke.

Studentkomiteen er ikkje noko valt organ, men under eit ope aksjonsmøte torsdag 23.3.1995 gav NTNU-motstandarane mellom studentane Studentkomiteen mandat å arbeida imot NTNU fram mot vedtaket i Lag- og Storting 28. mars, og deretter å arbeida for å sikra dei beste kåra for AVH-delen av universitetet.


Jardar Eggesbø Abrahamsen
Lingvistisk institutt
Den allmennvitskaplege høgskolen
Universitetet i Trondheim
7055 Dragvoll

tlf. kontor 73 59 65 17
tlf. heime 73 93 58 05
mobiltlf. 90 55 13 78
e-post: jardar@nvg.unit.no


Anne Charlotte Torvatn
Institutt for nordistikk og litteraturvitskap
Den allmennvitskaplege høgskolen
Universitetet i Trondheim
7055 Dragvoll

tlf. kontor 73 59 82 70
tlf. heime 73 94 42 81
e-post: anntor@alfa.avh.unit.no