Komiteen har merka seg forslag til styresamansetting.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre,
Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, ser ikkje at det
ligg føre serlege tilfelle som skulle tilseia at departementet skulle
fastsetja anna styringsordning, jf. lov om universitet og høgskular § 6,
pkt. 7.
Komiteen sluttar seg til forslag om inndeling i fakultet. Med
11 fakultet har NTNU framleis vesentleg fleire fakultet enn andre norske
universitet, og komiteen føreset at fakultetsinndelinga vert
vurdert løpande etter kvart som ein får erfaring, men tykkjer at det
framlagde forslaget balanserer ulike omsyn på ein tilfredsstillande måte.
Komiteen støttar at Vitskapsmuseet vert ført vidare som eining
etter § 12 nr. 6 Lov om universitet og høgskular, og ser positivt på at
departementet er innstilt på at den praktiske oppfølginga av dette skjer
innanfor dei rammer Det kgl. Norske Videnskabers Selskabs Stiftelse set.
Komiteen vil understreka at den vitskaplege aktiviteten framleis
må verta knytta til samlings- og formidlingsverksemda ved Vitskapsmuseet.
Komiteen har merka seg at spørsmålet om kva tilknyting Norsk
Voksenpedagogisk forskningsinstitutt skal ha, vert fremja som eiga sak.
Komiteen ber om at det i den saka vert teke omsyn til at
universiteta bør spela ei sentral rolle i framtidig satsing på etter- og
vidareutdanning.
Komiteen har vidare merka seg at departementet ikkje har
vurdert Underdal-utvalet sitt forslag om eit felles innføringsemne ved
NTNU på 5 vekttal, men at ein syner til at spørsmål om omfang av
Ex.-phil. er under utgreiing. Komiteen ser på forslaget som
interessant for alt i byrjinga av dei ulike studium å få eit felles,
tverrfagleg fundament. Komiteen imøteser nærare utgreiing om dette,
og at departementet kjem tilbake med nærare orientering i statsbudsjettet.
Komiteen ser positivt på forslaget om å innføra European
Credit Transfer System (ECTS) ved universitetet, og ser det som
verdefullt at det vert vunne erfaringar med eit to-karaktersystem.
Komiteen vil streka under at NTNU på same måte som dei andre
universiteta har ansvar for å gje tilbod om studieplassar frå u-land og
Aust-Europa. Komiteen ser internasjonalt utval som eit aktuelt
tiltak for å koordinera internasjonal innsats m.a. på dette feltet.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten
Christiansen, vil peika på at organisering og programmering av studium må
tilretteleggjast slik at dei frie studia framleis skal ha ein sentral
plass ved universitetet.
Fleirtalet har merka seg at meldinga peikar på NTNU sitt
serlege ansvar i høve til likestilling både kva gjeld studierekruttering
og vitskapleg stab. Fleirtalet vil heva fram Underdal-utvalet sitt
grunnpremiss nr. 8, der det heiter: "Universitetet vil ha et særlig
ansvar for at kvinner og deres perspektiver kommer aktivt med på de
teknisk-naturvitenskapelige områder", og ser det som serleg viktig at
dette vert følgt opp i høve til administrative leiarstillingar og
vitskaplege stillingar på alle nivå.
Komiteen syner til Budsjett-innst. S. nr. 12 for 199596, der
det vart løyvd 40 mill. kroner til oppstart av realfagsbygget.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, syner vidare til
fleirtalsmerknader i Innst. O. nr. 40 for 199495 kva gjeld organisering
av NTNU, og til Budsjett-innst. S. nr. 12 for 199596 der det vart løyvd
10 mill. kroner til omstillingstiltak.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre og representanten
Christiansen ser mange argumenter for at NTNUs styre burde ha mer enn
2 eksterne representanter, men vil slutte seg tildepartementets
vurderinger i denne omgang. Disse medlemmer mener imidlertid at
antallet eksterne representanter i styret bør vurderes på nytt om noen år
når NTNU har funnet sin endelige form.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Høyre viser til sine
respektive partiers merknader og forslag i Innst. O. nr. 40 for 199495
når det gjelder organisering av virksomheten ved Universitetet i
Trondheim. Disse medlemmer tar til etterretning at dette ikke
oppnådde flertall ved Odelstingets og Lagtingets behandling av Ot.prp.
nr. 85 for 199394, og at virksomheten på bakgrunn av flertallets vedtak
skal organiseres i ett samlet universitet (NTNU). Disse medlemmer
finner det lite formålstjenlig å ta spørsmålet om organisering opp til ny
prinsipiell behandling nå og vil legge flertallets vedtak fra Odelstinget
og Lagtinget til grunn for sine merknader slik også denne meldingen er
basert på.
Komiteens medlem representanten Christiansen vil først for ordens
skyld vise til sine prinsipielle sysnpunkter vedrørende opprettelse av
NTNU som gjengitt i Innst. O. nr. 40 for 199495, og hvordan dette
medlem primært mener et teknisk-naturvitenskapelig universitet burde
organiseres. Når det er sagt, vil dette medlem få understreke at
det arbeidet somUnderdal-utvalget har gjort med grunnlag i Stortingets
flertallsvedtak fortjener anerkjennelse.
Dette medlem vil spesielt si seg glad for Underdal-utvalgets
forslag om å innføre et felles innføringsemne ved NTNU og vil vise til at
dette er et langt skritt i retning av det dette medlem i
forbindelse med Innst. O. nr. 40 for 199495 tok til ordet for nemlig
at alle studenter ved et nytt universitet burde gis en generell
teknisk-naturvitenskapelig grunnkompetanse. Dette medlem har
merket seg at kollegiet er skeptisk til å innføre obligatoriske
teknologiemner som arbeidsverktøy for ikke-teknologistudenter, men håper
at dette etterhvert vinner innpass og blir en realitet.
Dette medlem ser at en slik ordning vil kunne påvirke de frie
studiene, men mener dette kan være positivt for disse studiers utvikling
ved universitetet. Dette medlem ser i tråd med sine merknader i
Innst. O. nr. 40 for 199596 [sic!] ingen grunn til at ikke disse studiene
kan ha ulik profil ved de ulike universitetene. En slik utvikling betyr
imidlertid ikke at de frie studiene kan ha en sentral plass ved NTNU.
Når det gjelder forhold til likestilling, vil dette medlem
nøye seg med å vise til sine merknader i Innst. O. nr. 40 for 199495 og
andre innstillinger hvor temaet er berørt.
Komiteen meiner at det med meldinga er lagt eit godt grunnlag
for at NTNU skal kunna realiserast.
Komiteen syner til det som er sagt ovanfor og rår Stortinget
til å gjera slikt
v e d t a k :
St.meld. nr. 24 for 199596 Om organiseringa av Noregs
teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) vert lagd ved møteboka.
Oslo, i kyrkje- utdannings- og forskingskomiteen, den 12. februar
1996.
Jon Lilletun, leiar.
|
Oddbjørg A. Starrfelt, ordførar.
|
Siri Frost Sterri, sekretær.
|