[Innlegg i Dag og Tid 4. mai 1995.]

Universitetet i Trondheim vert teknisk: snodig saksgang

I Odelstinget 21. mars vart det vedteke at Universitetet i Trondheim (UNIT) frå 1.1.1996 er Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet (NTNU). Kva skjer med dei humanistiske faga (språk- og kulturfag) på eit slikt universitet?

Saksgangen i Stortinget var slik: Torsdag 16. mars kunne fleirtalet i Kyrkje- utdannings- og forskingskomiteen (KrF, SV og Ap) leggja fram ei innstilling om det nye universitetet. I innstillinga gjekk det fram at namnet på det nye universitetet «uttrykker en hovedprofil for universitetet, teknologi og naturvitenskap», og at ein skal «styrke den teknisk-naturvitenskapelige profil ved at andre enheter retter inn deler av sin virksomhet mot institusjonens hovedprofil.»

Dette var torsdagen. Stortingsrepresentantane fekk sakspapira måndag 20. mars, og tysdagskvelden vart det vedteke å oppretta NTNU -- utan at saka i det heile var utgreidd. Tvert imot var det ein del av vedtaket at det er Regjeringa som no skal greia ut kva vedtaket gjekk ut på. Stortinget bad ikkje eingong om å få taka stilling til saka på ny når ein etterkvart får vita kva ein har vedteke.

Marit Nybakk (Ap) snakka i Odelstinget om å «heve universitetets status til et teknisk-naturvitenskapelig», jamvel om meiningsfellen Jon Lilletun (KrF) slo fast at i «namnet ligg det òg ei forplikting til å fremje samspelet mellom teknologi og naturvitskap på den eine sida og humaniora, samfunnsvitskap og medisin på den andre sida.» No er det berre det at humaniora og samfunnsvitskapar ikkje er nemnde i namnet «Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet»!

Både Ottar Kaldhol (Ap) og Øystein Djupedal (SV) meinte at me måtte høyra på dei som vert råka av omlegginga ved universitetet. Men begge dei to var med på å røysta gjennom det fem dagar gamle framlegget utan å spørja universitetsmiljøet fyrst, og utan å lata seg rikka av studentane og dei vitskapleg tilsette som reagerte på den tekniske profileringa. Den dagen det var røysting i Odelstinget, streika dei vitskapleg tilsette ved dei humanistiske institutta i Trondheim. Eit universitetet var i streik! Streiken var ein spontan grasrotaksjon, og var ikkje organisert av fagforeininga. Studentane reagerte like spontant og stilte som streikevakter for dei tilsette.

SV ved Djupedal vil gjerne «videreføre» den tekniske profilen til universitetet, og Regjeringa ved Hernes meiner at det nye namnet «løfter denne hovedprofilen». Samstundes meiner dei at dei humanistiske faga ikkje skal lida på nokon måte som helst. Ja, alt skal i grunnen vera som før! Men som det stod i fleirtalsinnstillinga frå KUF-komiteen: Det er meininga å «styrke den teknisk-naturvitenskapelige profil ved at andre enheter retter inn deler av sin virksomhet mot institusjonens hovedprofil.»

Elles er det meininga at «styresammensetningen skal avspeile hovedprofilen,» som Djupedal sa det i Odelstinget.

I plenumsmøtet på Stortinget ei veke seinare slo Erling Folkvord (SV) fast: «Eg kan ikkje skjøne anna enn at det vil vere nokså sjølvsagt at ein cand.philol. med hovudfag f.eks. i norsk frå det teknisk-naturvitskaplege universitetet vil stille lenger bak i arbeidssøkjarkøen samanlikna med ein søkjar med ein tilsvarande eksamen frå eit universitet som ikkje har den underordninga under dei tekniske faga som det nye NTNU skal ha.»

Djupedal kunne her «fra SVs side forsikre om at vi vil bidra til at det ikke skjer».

I tråd med dette har Det historisk-filosofiske fakultet og Det samfunnsvitskaplege fakultet ved universitetet no sendt ut eit skriv om at faga deira «skal bestå med samme gode kvalitet og omfang som før».

So sit eg då her og skriv dette innlegget, medan eg ventar på at Regjeringa skal finna ut kva som ligg i vedtaket om å fremja fagleg samarbeid «under institusjonens hovedprofil».

Jardar Eggesbø Abrahamsen
Studentkomiteen for Universitetet i Trondheim