Resolusjon, Allmøtet ved AVH 24.10.1995
Allmøtet ved AVH tykkjer det er fint at Underdalutvalet i si innstilling
meiner at fag som ikkje er teknologiske eller naturvitskaplege, «skal
kunne dyrkes og videreutvikles også på sine egne premisser» (s. 11 i
innstillinga frå Underdalutvalet, jf. òg s. 61). Allmøtet tykkjer likevel
på denne bakgrunnen det er ei sjølvmotseiing når «'Faglig sjølberging'
for den enkelte avdeling eller grunnenhet er ikke en akseptabel norm» (s.
61).
Allmøtet ved AVH kan ikkje godta Underdalutvalets framlegg kring den
faglege profileringa ved Universitetet. Herunder vil Allmøtet spesielt
nemna desse punkta:
- Allmøtet forkastar Underdalutvalets premiss om at
«Teknisk-naturvitenskapelige fag skal utgjøre tyngdepunktet i NTNUs
virksomhet», og også at dette «legger føringer både for intern
ressursfordeling, intern 'identitet' og ekstern profilering» (begge
sitata s. 11 og 60). Dette vert forkasta som premiss og konsekvens fordi
eit pålegg om slik profilering vil vera til skade for rekrutteringa til
og den frie faglege utviklinga ved Universitetet, spesielt når det gjeld
dei fagmiljøa som ikkje er tekniske eller naturvitskaplege.
- Allmøtet forkastar framlegget om at det innanfor Universitetet «ville
være naturlig at studenter som ikke studerer teknologi eller
naturvitenskap har et visst minimum av teknologiske emner i sine grader»
(s. 102). Framlegget vert forkasta fordi det inneber at studentar som
ikkje studerer teknologi, vert andrerangs fagfolk på sine område sett i
eit nasjonalt perspektiv. Framlegget vert òg forkasta fordi ei slik
ordning vil vera til skade for rekrutteringa av studentar som ikkje
studerer teknologi eller naturvitskap.
- Allmøtet forkastar den unyanserte fokuseringa kring det at
«arbeidsformer som kjennetegner sivilingeniørutdanningen også i større
grad kan prege de frie studiene» (s. 105). Denne fokuseringa vert
forkasta fordi ho overser at ulike fagtypar krev ulike tilnærmingsmåtar,
og fordi ho difor vil undergrava statusen til dei frie studia både når
det gjeld fagleg vinkling og didaktiske utgangspunkt. Slik vil det òg
undergrava den frie kompetanseutviklinga i dei frie faga, og det vil vera
til skade for rekrutteringa av fagfolk og studentar til dei frie studia.
- Allmøtet forkastar òg Underdalutvalets fokusering på at ex.phil. skal
ha som funksjon å «bidra til å skape en teknisk-naturvitenskapelig
identitet ved institusjonen» (s. 101). Allmøtet forkastar sameleis
framlegget om at «Eksternt må universitetet profileres i samsvar med sin
'misjon'» (s. 60). Dette vert forkasta fordi ein teknisk-naturvitskapleg
identitet og ei teknisk-naturvitskapleg profilering vil vera til skade
for andre fagmiljø og for rekrutteringa av studentar og forskarar til dei
andre fagmiljøa. Føremålet til ex.phil. skal heller ikkje vera å skapa
ein gjeven fagleg identitet ved ein institusjon, men å fremja refleksjon
og vitskapleg tenking. Kvart fagmiljø må finna sin eigen identitet med
grunnlag i eigen fagkultur. Allmøtet vil likevel gå inn for eit ex.phil.
under dei føresetnadene som Allmøtet har skissert.
Allmøtet ved AVH er svært misnøgd med at Underdalutvalet under høyringane
i det generelle arbeidet med innstillinga har hatt ei skeiv fordeling av
høyringsinstansar som skulle representera brukargruppene til
Universitetet. Næringslivet og teknologiske verksemder og institusjonar
er høyrde i dialog, medan dei viktige brukargruppene til AVH berre er
representerte ved skriftlege innspel frå undervisningssektoren, og då
berre i éi spesifikk sak (kap. 5.7), dette til trass for at AVH har
fleire studentar enn NTH.
Allmøtet ved AVH er svært misnøgd med at verdien til dei faga som ikkje
er teknisk-naturvitskaplege, vert definert ut ifrå nytteverdien deira i
industri, næringsliv og teknologi (t.d. s. 64), og ikkje ut ifrå dei
ideala som dei frie faga spring ut ifrå, nemleg eigenverdien til
refleksjon og forståing.
Allmøtet ved AVH vil på denne bakgrunnen be Universitetet og Regjeringa
om å sjå til at det vert teke omsyn til fag- og studentmiljøa ved AVH på
ein radikalt annan måte enn den neglisjeringa som er kritisert over.