I ni månader arbeidde Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (KUF-komiteen) på Stortinget med spørsmålet om korleis det framtidige Universitetet i Trondheim (UNIT) skulle sjå ut. Stridsspørsmålet som var diskutert både ved UNIT og elles var om NTH skulle fristillast eller ikkje. Ein av dei siste dagane kom fleirtalet i KUF-komiteen med eit nytt framlegg som aldri hadde vore på tale før, og som aldri hadde vore ute på høyring. Som Marit Nybakk (Ap) sa det i Odelstinget 21. mars 1995:
Jeg mener at det akademiske miljøet i Trondheim nå trenger ro. Derfor foreslår også komiteflertallet å opprette Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet med virkning fra 1. januar 1996.Universitetet i Trondheim skulle leggjast ned, og i staden skulle Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) opprettast. Faneordet i KUF-komiteens argumentasjon var ordet «spennende». Innstillinga om NTNU kom torsdag 16. mars. Dei endelege sakspapira vart delte ut til stortingsrepresentantane 20. mars, og neste dag vart NTNU vedteke, utan å ha vorte førelagt universitetsmiljøet.
| Saka var ikkje utgreidd på førehand, derimot var det ein del av vedtaket at Regjeringa no skulle greia ut kva vedtaket gjekk ut på, utan at Stortinget skulle taka stilling til saka på nytt når ein etterkvart fekk vita kva ein hadde vedteke. |
Til overmål skjedde dette berre nokre få dagar etter at dei ansvarlege (Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen) hadde sagt i Adresseavisen at ikkje noko skulle vedtakast før saka var utgreidd.
Framlegget og vedtaket om NTNU førde til særs kraftige reaksjonar i
universitetsmiljøet. Det kulminerte då professorar, amanuensar,
stipendiatar og forskingsassistentar ved AVH-delen av UNIT (AVH = Den
allmennvitskaplege høgskolen) tysdag 21. mars gjekk til politisk streik,
medan studentane stod streikevakt. Ved AVH reagerte
ein på at dei ikkje-teknologiske faga skulle leggjast inn under ein
teknisk-naturvitskapleg hovudprofil.
Trass i dei sterke protestane i universitetsmiljet presterte leiinga ved Universitetet, med rektor Karsten Jakobsen i spissen, å fortelja til presse og politikarar at NTNU var heilt greitt.
KUF-komiteens innstilling om NTNU dukka opp torsdag 16. mars, og var resultatet av éin eller to dagars arbeid, ho er tydeleg merkt av hastverk (svada, trykkfeil, gjentakingar og sjølvmotseiingar). I innstilling og politisk ordskifte har ein konsentrert seg om lagnaden til dei teknisk-naturvitskaplege faga ved universitetet, og nærast neglisjert AVH med dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga. Vedtaket er då òg eit kompromiss mellom NTHs sjølvstendekrav og Regjeringas krav om eitt universitet. At den andre hovuddelen av Universitetet, AVH, har fleire studentar enn NTH, hindra ikkje universitetsleiinga og politikarane i å hevda at UNIT frå før har ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil (noko anna er at NTH fer med 80% av budsjettet). I fleirtalsinnstillinga er humaniora og samfunnsvitskapane legitimerte ved at dei kan vera til nytte for teknologane.
På grunnlag av innstillinga vart NTNU vedteke i Stortinget 28.3.1995 med røystene frå Ap, SV og KrF. Det var ikkje hjelp i at SV i Sør-Trøndelag gjekk sterkt imot NTNU.
Det regjeringsutnemnde Underdal-utvalet skulle greia ut kva NTNU-vedtaket hadde gått ut på. Det var samansett av seks representantar for teknologi, naturvitskap og næringsliv, éin for humaniora, éin for medisin, éin for samfunnsvitskap og to studentar, i tillegg til ein kompis av Hernes. Utvalet leverte innstillinga si 18. oktober 1995. Innstillinga er ein katastrofe for dei frie faga. Her finn du eit flygeblad med nokre utvalde sitat frå henne.
Hovudansvarleg for NTNU-vedtaket er Karsten Jakobsen, som tende Jon Lilletun for nokre år sidan. Dei to var truleg dei einaste som verkeleg ynskte seg eit NTNU. NTNU er for andre eit politisk kompromiss for å berga andletet til Gudmund Hernes.
Universitetet i Trondheim har vore samansett av Den allmennvitskaplege høgskolen (AVH) og Noregs tekniske høgskole (NTH), i tillegg til Det medisinske fakultet og Vitskapsmuseet.
Ettersom alle valde studentorgan ved AVH gjekk inn for NTNU, medan studentane elles gjekk imot, vart Studentkomiteen mot NTNU (seinare: Studentkomiteen for Universitetet i Trondheim) danna 17. mars. Det var Studentkomiteen som skipa til studentaksjonane mot NTNU og organiserte streikevakter for dei tilsette.
Også ved Universitetet vart det sett ned fleire utval som skulle greia ut ulike sider ved omlegginga.